Sommarutstillinga på Kunsthuset Kabuso i 2015 er «Edvard Munch – Natur og kjensle». Utstillinga opnar 30. mai og kan opplevast fram til 30. august. Om lag 30 verk presenterer ulike grafiske teknikkar og tematikkar frå Edvard Munch sin produksjon, fleire er sjeldne verk som er lite vist tidlegare, men og kjente motiv som Pikene på broen (1918) og To mennesker.
De ensomme (1899). «Det er stort å få stille ut verk frå Munchmuseet i Oslo, og utstillinga er eit resultat av fleire års planlegging og tilrettelegging. Vi har jobba målretta over tid med ambisjonar om å få til større prosjekt. At Brudeferden i Hardanger av Tidemand og Gude blei vist sommaren 2014 er eit anna eksempel på dette, det same er opninga av James Turrell sin Hardanger Skyspace i 2016» seier dagleg leier på Kunsthuset Kabuso, Synnøve Marie Vik. «Tematikken for utstillinga er natur og kjensler, og fokuset ligg på korleis Munch nyttar naturen til å underbyggje kjenslene han skildrar i bileta sine. Det store spennet i grafiske teknikkar i utstillinga speglar den grensesprengande og nysgjerrige sida av Munch som kunstnar. Vi håpar at folk nyttar moglegheita til å oppleve Edvard Munch i Hardanger» legg Synnøve Marie Vik til.
Utstillinga opnar laurdag 30. mai kl 13.30, og står til 30.august. Sjå program på www.kabuso.no
Om kunsthuset Kabuso Tusenårsstad i Hordaland – opna 2006. Skiftande utstillingar i løpet av året. Kammermusikksal – kafé med lokale godbitar og nybakte kaker.
Korte filmar om Olav H. Hauge, Geirr Tveitt og Ingebrigt Vik synast på førespurnad. Ingebrigt Vik museum (skulptur) er ein del av Kabuso.
Reisetid til Øystese Bergen 1t20min, Haugesund 4 timar, Stavanger 5,5 timar, Oslo 7 timar
Kommentarer