Annonse

Rio Yamase Pressemeldinger

Rio Yamase – hardingfele i Japan

CD'en “Love Song from The Fjords” vart utgjeven 22.april i Japan av Victor Entertainment, og markerar 10-års jubileet til Rio Yamase som profesjonell hardingfeleutøvar

«Eg er glad og stolt over at eg no er klar med ein ny CD» seier Rio Yamase, som tidlegare har utgitt to CD’ar med hardingfelemusikk, den fyrste i 2004. «Min fasinasjon for hardingfela byrja då eg som klassisk fiolinist vart kjend med Edvard Grieg, og at hardingfelemusikk er bakgrunnen til mykje av hans musikk. Eg håper eg kan bidra til at hardingfela som instrument og Noreg vert meir kjent i Japan enn det er i dag» fortel Yamase vidare.

Rio Yamase 3

Det er eit variert utval av musikk på CD’en, både i norsk folkemusikktradisjon, stykke av Geirr Tveitt og Edvard Grieg og musikk komponert av Rio Yamase. Mellom anna er det filmmusikk av Yamase frå animasjonsfilmen til Studio Ghibli “Water Spider Mon-Mon” regissert av Hayao Miyazaki. Knut Hamre og Frank Rolland, velkjende spelemenn frå Hardanger, er og med. I 2013 var dei på besøk i Tokyo, og var i studio saman med Rio Yamase. Dei har i mange år hatt god kontakt med Yamase, og er imponert over nivået og innsatsen som ho viser for å fremje hardingfelemusikken.

I Japan vart den komande utgjevinga av CD’en markert med eit pressearrangement og konsert på Den norske ambassaden i Tokyo den 28. mars.

Rio Yamase er og initiativtakar til Japan Hardanger Club som m.a. i samarbeid med Hardangerrådet og SAS i 2010 etablerte «Rio Yamase Norway Hardanger Violin Scholarship». Til no har fire japanske hardingfeleutøvarar vore på studieturar i Hardanger, fått innblikk i norsk kultur og møtt meisterspelemenn der.

 

 Meir informasjon om Rio Yamase: http://rioyamase.com/English

 For spørsmål og kommentarar, ta kontakt med Rio Yamase, rioyamase@heart.ocn.ne.jp (engelsk går fint) Ms Aya Ohi, JVCKENWOOD Victor Entertainment Corporation, General Manager International Repertoire a_ohi@ve.jvcmusic.co.jp                                                                       Frank Henrik Rolland, fylkesmusikar i Hordaland, 906 32 556 frank.henrik.rolland@hvm.museum.no

Rio Yamase 2 Hardanger

Kommentarer

Annonse